Vilkår – Nettbutikk og spesialløysingar
Pixelfusion · Org.nr. 891 520 352 MVA · Gjeld frå 01.08.2026 · Sist oppdatert juli 2026
Nettbutikk og spesialløysingar
Desse vilkåra utfyller den generelle driftsavtala (Nettsidedrift komplett) og gjeld ved bestilling av nettbutikk-tillegg og andre spesialløysingar, som booking, medlemsløysingar, integrasjonar og tilsvarande funksjonalitet utover standard nettside. Alle prisar er oppgjevne eks. mva.
1. Kva nettbutikk-tillegget omfattar
Fastprisen for nettbutikk-tillegget dekkjer eit komplett standardoppsett av nettbutikk (WooCommerce) på nettsida:
- Butikkoppsett med handlekorg, kasse og ordreflyt med e-postvarsel og kvittering
- Éi betalingsløysing etter kundens val (t.d. Vipps, Klarna eller kortbetaling)
- Standard fraktoppsett med faste satsar
- Oppsett av mva-satsar per produkttype
- Inntil [10] produkt lagde inn ved lansering
- Opplæring i å leggje inn og endre produkt sjølv
- Testa og dokumentert kjøpsflyt før lansering, godkjend av kunden
2. Kva som kjem i tillegg
Arbeid utover standardoppsettet blir avklart skriftleg på førehand og fakturert etter medgått tid (790 kr/time) eller etter eige tilbod. Dette gjeld mellom anna:
- Innlegging eller import av produkt utover det inkluderte talet
- Fleire betalingsløysingar, fleire valutaer eller fleirspråkleg butikk
- Integrasjonar mot tredjepartssystem (rekneskap, lager, ERP, marknadsføringsverktøy)
- Abonnements-, medlems- og bookingfunksjonar
- Spesialtilpassa frakt- og leveringsløysingar
- Design og funksjonalitet utover standardoppsettet
Spesialmodular og lisensar som løysinga krev, blir kjøpte inn og viderefakturerte kunden. Årlege lisenskostnader er kundens ansvar så lenge løysinga er i bruk.
3. Tredjepartsavtalar og gebyr
Betalingsløysingar (t.d. Vipps MobilePay, Klarna, kortinnløysar) krev eigne avtalar som kunden teiknar direkte med leverandøren. Transaksjonsgebyr, faste kostnader og vilkår hos desse leverandørane er eit forhold mellom kunden og leverandøren. Handsamingstid for godkjenning hos betalingsleverandørar kan påverke lanseringsdato og ligg utanfor Pixelfusion sin kontroll.
4. Kundens ansvar
Kunden er ansvarleg for innhaldet i butikken, medrekna produktinformasjon, prisar, lagerstatus og leveringsevne. Kunden er òg ansvarleg for at drifta av butikken er i samsvar med gjeldande regelverk for netthandel, mellom anna krav til salsvilkår, angrerett, personvern (GDPR), informasjonskapslar og prisopplysning. Pixelfusion legg til rette dei tekniske sidene av dette (t.d. sider for salsvilkår, personvernerklæring og samtykkeløysing for informasjonskapslar), men det juridiske innhaldet og etterlevinga er kundens ansvar.
5. Drift og vedlikehald av nettbutikk
Nettbutikkar krev utvida vedlikehald samanlikna med ordinære nettsider: funksjonskontrollen etter oppdateringar omfattar testing av kjøpsflyt, betaling og ordremeldingar. Drift av nettbutikk har difor eige prisnivå: Nettsidedrift komplett Butikk – [679] kr/mnd, elles med same vilkår som den ordinære driftsavtala (årleg forskotsfakturering, KPI-regulering ved fornying).
6. Leveranse og framdrift
Avtalt framdrift føreset at kunden leverer innhald og produktdata til avtalt tid, og at nødvendige tredjepartsavtalar er signerte og godkjende. Lansering skjer etter at kunden har godkjent testkjøp i butikken. Endringar i omfang undervegs kan påverke både framdrift og pris, og blir alltid avklarte skriftleg før arbeidet held fram.
7. Ansvarsavgrensing
Pixelfusion svarar ikkje for indirekte tap, som tapt sal, driftstap eller tapt forteneste, og heller ikkje for nedetid, endringar eller feil i tredjepartstenester (betalingsløysingar, fraktleverandørar, eksterne integrasjonar). Ansvar for tap av data er avgrensa til attendeføring frå siste tilgjengelege backup. Samla ansvar er avgrensa til vederlaget kunden har betalt for den aktuelle tenesta dei siste 12 månadene. Varsla, planlagt vedlikehald og tilhøve utanfor Pixelfusion sin rimelege kontroll blir ikkje rekna som mislegheld.
8. Prisar og endringar
Fastprisar gjeld det omfanget som er definert i desse vilkåra og i tilbodet. Alt anna arbeid blir avklart og prissett før det blir utført – aldri som overrasking på faktura. Løpande prisar blir regulerte årleg ved fornying i samsvar med endringa i konsumprisindeksen (SSB), jf. vilkåra i driftsavtala.
Trenger du ei nettside eller liknande?
Kontakt oss gjerne dersom de ynskjer å få eit uforpliktande tilbod eller har spørsmål om kva vi kan bistå med