Vilkår – Nettsidedrift komplett

Pixelfusion · Org.nr. 891 520 352 MVA · Gjeld frå 01.08.2026

u

Nettsidedrift komplett

Desse vilkåra gjeld driftsavtala Nettsidedrift komplett mellom Pixelfusion (leverandøren) og kunden. Avtala blir rekna som inngått ved bestilling, eller ved betaling av faktura for tenesta. Alle prisar er oppgjevne eks. mva. For nettbutikk og spesialløysingar gjeld i tillegg eigne vilkår.

1. Kva tenesta omfattar

  • Webhotell med 20 GB lagring, uavgrensa trafikk, e-postadresser, databasar, FTP-tilgang og webmail
  • SSL-sertifikat og tryggingsovervaking av tenesta
  • Dagleg backup med 90 dagars historikk, med gjenoppretting ved behov
  • Premium-modular: Kadence Security, RankMath Pro og WPML – lisensane er dekte av leverandøren så lenge avtala løper
  • Løpande oppdatering av WordPress, tema og modular etter behov, med funksjonskontroll av nettsida etter kvar oppdatering
  • Fri support ved feil på tenesta
  • Alle data lagra på serverar i Noreg

For nettsider bygde på eldre teknologi gjeld tenesta tilsvarande: løpande vedlikehald, tryggingsoppfølging og funksjonskontroll tilpassa teknologien nettsida er bygd på.

2. Kva som ikkje er omfatta

  • Domene (registrering og fornying) – eiga årspris per domene
  • Spesialmodular og lisensar utover standardpakka – blir kjøpte inn og viderefakturerte
  • Innhaldsendringar, design og utviklingsarbeid – fakturert etter medgått tid (790 kr/time) eller etter tilbod, alltid avklart skriftleg på førehand
  • Nettbutikk – eige driftsnivå med eigne vilkår

3. Pris og fakturering

Tenesta kostar 479 kr/mnd og blir fakturert på forskot for tolv månader om gongen. Betalingsfrist er [14] dagar frå fakturadato. Ved forseinka betaling gjeld forseinkingsrente og purregebyr etter gjeldande satsar. Ved vesentleg betalingsmisleghald kan leverandøren suspendere tenesta etter skriftleg varsel.

4. Prisregulering

Prisen blir regulert årleg ved fornying, i samsvar med endringa i konsumprisindeksen (SSB) sidan førre regulering. Prisendring utover dette krev skriftleg varsel seinast éin månad før fornying; kunden kan då seie opp avtala med verknad frå fornyingstidspunktet.

5. Avtaleperiode og oppseiing

Avtala gjeld for tolv månader om gongen og blir fornya automatisk for nye tolv månader, med mindre ho blir sagd opp skriftleg seinast [éin månad] før fornying. Forskotsbetalt periode blir ikkje refundert; ved oppseiing løper tenesta ut den betalte perioden.

6. Opphøyr og flytting

Ved opphøyr av avtala får kunden utlevert kopi av nettside, database og e-post. Bistand til flytting til annan leverandør blir fakturert etter medgått tid. Kunden eig sjølv innhaldet sitt og domenet sitt. Lisensar som leverandøren held (mellom anna Divi, Kadence Security, RankMath Pro og WPML), følgjer ikkje med ved flytting – kunden må då skaffe eigne lisensar for vidare bruk av tilhøyrande funksjonalitet.

7. Drift, vedlikehald og endringar i tenesta

Leverandøren kan utføre vedlikehald som kortvarig påverkar tilgjenget til nettsida; større planlagde arbeid blir varsla på førehand. Leverandøren kan endre teknisk plattform og underleverandørar så lenge tenesta blir levert i samsvar med avtala.

8. Oppetid og ansvar

Leverandøren har som mål ei oppetid på 99,9 % per år. Varsla, planlagt vedlikehald, feil som skriv seg frå kundens eige innhald eller tredjepartsutvidingar, og tilhøve utanfor leverandørens rimelege kontroll, blir ikkje rekna som nedetid. Ved vesentleg nedetid utover dette har kunden krav på forholdsmessig prisavslag. Leverandøren svarar ikkje for indirekte tap, som driftstap eller tapt forteneste, og ansvar for tap av data er avgrensa til attendeføring frå siste tilgjengelege backup. Samla ansvar er avgrensa til vederlaget kunden har betalt for tenesta dei siste tolv månadene.

9. Kundens ansvar

Kunden er ansvarleg for at innhaldet på nettsida er lovleg og ikkje krenkjer andre sine rettar, for å halde kontaktinformasjonen sin oppdatert, og for forsvarleg handtering av tilgangar og passord. Tenesta kan ikkje brukast til utsending av spam eller anna misbruk; ved brot kan leverandøren suspendere tenesta etter varsel.

10. Personvern og databehandling

Leverandøren behandlar personopplysningar på vegner av kunden (som databehandlar) for data som blir lagra i kundens løysing, medrekna e-post og innsende skjemadata. Behandlinga skjer berre i samsvar med avtala og kundens instruksar, med underleverandørar for serverdrift i Noreg. Databehandlaravtale kan inngåast ved førespurnad.

11. Tvistar

Avtala er underlagd norsk rett. Usemje skal først søkjast løyst i minnelegheit. Verneting er der leverandøren har forretningsadresse.

Trenger du ei nettside eller liknande?

Kontakt oss gjerne dersom de ynskjer å få eit uforpliktande tilbod eller har spørsmål om kva vi kan bistå med

Telefon